Mektig verk om militærnekting

Fredskamp i hundre år pluss:

av Dag Hovda Sture

I 2022 har norske borgarar hatt lovfesta rett i hundre år til å nekta militærteneste. I høve dette har Sandnes Bokforlag gitt ut ei imponerande praktbok om det som kanhenda meir enn andre emne fortener namnet sakskompleks. Rekkja av bidragsytarar er lang og tankevekkjande, og perspektiva og innfallsvinklane er mange og grundige. Det er eit mektig verk på over 400 sider i eit format som berre feilar ein tomme på A4. Og blant dei mange som har bidrege til boka, finn me og norske kvekarar; først og fremst Hans Eirik Aarek, men og Tommy Vad Funderud har fått ein teig, og Wilhelm Aarek, og Egil Hovdenak er nemnde som militærnektarar og aktive i fredsarbeid.

Dei er elles i svært godt selskap. Lista over nektarar på ulike nivå og fredskjemparar er lang og mangfaldig. Dei ulike greinene av fredsarbeid og krigsmotstand er dokumenterte med velskrivne og ganske rikt illustrerte artiklar. I ei bokmelding vil det ta altfor mykje plass å komma inn på breidden av ei slik samla framstilling. Ein del trekk merkjer seg likevel ut som ekstra interessante.

Først og fremst stikk historia om Det norske Arbeiderparti seg ut som ei forvitneleg reise. Frå den tidlege pasifismen til seinare utanriksminister Halvdan Koht på 1880-talet fram til dagens generalsekretær i NATO: Jens Stoltenberg. Ganske mykje av fredskampen før lovvedtaket i 1922 handlar nettopp om den tidlege arbeidarrørsla i Norge. Etter kvart forlet partiet sine gamle ideal, og endar altså opp med å bomba Libya og leia NATO. Mykje av den verste overvakinga av fredsforkjemparar skjedde og i deiras regjeringsperiodar. Eit avsnitt i boka heiter då og «partiet som glemte sine idealer».

Norge har og sin offiser som vart fredskjempar, omlag samtidig med amerikanaren Smedley D. Butler (Sjå  Kvekeren nr. 2/2021). Han heitte Olaf Kullman (1892-1942), og var marinekapteinen som oppmoda sine medoffiserarar å gå til militærstreik. Han talte Mussolini midt i mot på Petersplassen i Roma, og han var med og stifta Folkereisning mot krig. Då Arbeidarpartiet forlet den ikkje-militaristiske linja i 1935, melde han seg ut av partiet. Han reiste rundt og heldt foredrag i tida etter okkupasjonen, vart arrestert og døde i krigsfangenskap i Sachsenhausen i Tyskland.

Kvekarane er rikt representerte i boka, med to kapittel og omtale fleire andre stader. Andre trussamfunn får og si historie om krigsmotstand fortald, blant andre Jehovas Vitner og Den norske kyrkja. Eit rikt utval av ulike stemmer slepp til med bidrag og forteljingar og fakta. Det kjem fram opplysningar som ein skal ha følgt ganske godt med for å ha fått med seg. Dette gjeld blant anna fjerninga av militærnektarlova, som vart oppheva i 2012 og redusert til eit avsnitt i Forsvarslova, utan at dette vart gjort skikkeleg kjent for dei det kunne gjelda. Det måtte ein forsvarsminister frå Høgre til for å gi eit klårt svar på dette (sjå artikkelen til Ingeborg Breines, s. 259-61).

Ei av dei røystene som slepp til, er tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik. Han uttaler seg om FN sin traktat om atomvåpenforbod på s. 372. Dette er mannen som sende bombefly mot Jugoslavia i 1999, og to år etter var det hans regjering som la ned forskulen for sivilarbeidarar. Han er rett nok positiv til at NATO-landa kan slutta seg til traktaten om eit forbod mot atomvåpen. Fredssenteret han oppretta etter at han gjekk av, har vore plaga med både tvilsame sponsorar og underslag. Hans stemme i denne samanhengen syner om ikkje anna, så kor breitt den samla framstillinga femner.

Den ekspansive politikken til NATO etter 1989 er gjord grundig greie for, og likeeins den aukande ettergivnaden overfor USA sine ønskje om våpenlagring og øvingar på norsk jord. Tretti år med ekspansjon og utanlands «skarpe oppdrag» framstår ikkje akkurat som direkte byggjande når det gjeld langsiktig fred eller fråver av krig. Her kan truleg økonomiske interesser knytta til krigen gi ein peikepinn om mekanismane som ligg bak denne politikken, som begge sider i norsk politikk har vandra med på. Jamfør at straffereaksjonen med tvangsmessig avtening av verneplikt for totalnektarar (dei som nekta både militær og sivil teneste) vart oppheva i 1989 med økonomiske argument som ein viktig del av bakgrunnen. 16 månader i fengsel/leir kosta kring ein million kroner pr hovud, og sia dei det galdt nekta å gjera fengselsarbeid, fekk ikkje samfunnet noke att i form av arbeidsinnsats.

Kunstnarar og kulturarbeidarar har bidrege rikt til fredskampen, og dei har då og fått eit eige kapittel i boka. Når det gjeld framtida, har kanhenda Alexander Harang den mest handfaste problemstillinga som gjeld norske forhold. Han saknar sivilarbeidarane; dei var ein fredsflokk som bidrog mykje i arbeidet og dei er djupt sakna. Ein av redaktørane for verket, Sverre Røed-Larsen, avsluttar jamvel boka med eit spørsmål om samfunnsteneste framleis er aktuelt, og viser til at både Kvinneligaen for Fred og Frihet og Norges Fredslag i seinare år har komme med framlegg om ei allmenn samfunnsteneste for ungdom.

Omfanget og mangfaldet i denne boka gjer henne langt på veg til eit standardverk om fredsarbeidet i Norge. Ho er varmt tilrådd som spennande og allmendannande lesnad, og har mange og vidtrekkjande perspektiv å by på, for dei som ennå er opne for slikt.

(Militærnekting som krigsmotstand og fredskamp i Norge 1922-2022.  Sandnes Bokforlag 2022.)

DHS